Annonse

Inga avklaring rundt Forren torsdag: – Håpar å ha ting avklart før helga

Vegard Forren er på utkikk etter ny klubb og fleire er interesserte. Men ny arbeidsgivar blir ikkje offentleggjord torsdag, fortel midtstopparen.

Annonse

– Ikkje noko nytt å melde i dag. Agenten er i dialog med klubbar for å finne best mogleg løysing for meg og familien, seier Forren til NTB.

Han har vore klubblaus sidan han førre torsdag vart samd med Molde om å avslutte arbeidsforholdet. Forren har fridd til norske klubbar sidan den gong. Eliteserien blir i gang sparka 16. juni.

– Eg håpar å ha ting avklart før helga, held Forren fram.

Den svenske avisa Expressen skreiv onsdag at IFK Göteborg har tilbode Forren kontrakt og at han har fått frist til slutten av veka med å svare.

I podkasten «Spillerrådet» onsdag hinta Forren sjølv om å flytte til Bergen.

– Eg liker tanken om å spele kampar for Brann, og 30 kampar på under fem månader passar meg godt. Brann er ein kjempeklubb. Pressa som ligg der er noko eg tenkjer passar meg utmerkt. Det overskotet og den energien eg sit med no, tenkjer eg passar Bergen og Brann. Kven veit? Er det ei moglegheit er i alle fall eg open, sa han i poddkasten.

(©NPK)

Vegard Forren er på utkikk etter ny klubb og fleire klubber er interesserte. Midtstopparane fortel likevel at det ikkje blir noka offentleggjering torsdag.
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix