Inga dopingtesting i USA under koronakrisa – Brækhus frustrert
Proffboksar Cecilia Brækhus slår alarm om manglande dopingtesting i USA etter at koronaepidemien stoppa idretten.
Brækhus ligg som vanleg i trening i høgda i Big Bear Lake i California. I eit intervju med Nettavisen seier ho at det ikkje finst noka form for dopingtesting av boksarar i USA.
– Det er veldig trist. Eg er veldig glad i denne idretten. Eg ønsker at det skal vere rettferdig og ikkje minst at utøvarane skal vere trygge. Det er litt uhyggeleg. Eg var faktisk ikkje klar over at det ikkje vart gjort testing før eg vart informert for ei veke sidan, seier Brækhus.
Ho legg til at det er «fritt fram» for juksemakarar og fryktar at utøvarar kan utnytte unntakstilstanden til å dope seg no og dra nytte av det seinare.
– Ja, det er her vi er nøydde til ikkje å vere naive. Det er alltid juksarar der ute og nokon som er ute etter å ta snarvegar.
(©NPK)
Cecilia Brækhus liker ikkje at koronakrisen fører til at det ikkje bli gjennomført dopingtesting i USA.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix