Ingebrigtsen-brørne utset sesongstarten

Brødrene Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen utset sesongstarten til Trond Moen-lekene i Bergen 22. mai.

Planen var eigentleg at dei skulle sesongdebutere som normalt i Palo Alto under Payton Jordan Invitational i California 2. mai, men trenar og pappa Gjert Ingebrigtsen seier til Stavanger Aftenblad at det ikkje blir konkurransar medan dei er på høgdeopphaldet i USA.

- Vi har planlagt ein intens konkurranseperiode i juni og juli, og derfor har vi avgjort at vi ikkje skal konkurrere i den treningsperioden vi er inne i. Dei ønsker å utnytte tida dei har i høgda i Flagstaff, seier Gjert Ingebrigtsen.

Løparbrørne har vore i Flagstaff, Arizona sidan 10. april og returnerer ikkje til Noreg før 11. mai.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen jublar som gullvinnar på 3000 meter under friidretts-EM innandørs i Glasgow tidleg i mars. Foto: Soeren Stache / DPA / NTB scanpix.