Annonse

Ingen haustferie frå pandemien

Haustferien nærmar seg, og med pandemien som bakteppe ligg det på ny an til noregsferie. Samtidig står mange reiselivsbedrifter heilt utan bookingar i haust.

Fleirtalet av alle nordmenn som tek haustferie, pleier å reise utanlands, ifølgje Virke Reiseliv.

Men over eit halvt år inn i pandemien er det framleis strenge reiserestriksjonar. Med haustferien på trappene håpar no Virke at nordmenn vil børste støv av omgrepet «noregsferie», som omtrent vart slagordet for sommaren.

– Det ser ut som vi får Noreg for oss sjølv denne haustferien, med så godt som stengde grenser, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv til NTB.

– Vi veit at mange hadde strålande opplevingar i Noreg i sommar, og vi håpar no folk vil gjere som dei gjorde i juli, besøkje overnattingsstader og opplevingstilbydarar landet over, seier ho.

– Bransjen føler stor utryggleik

Likevel har rundt kvar tredje reiselivsbedrift under halvparten så mange bookingar i oktober som i fjor, ifølgje ferske tal frå NHO Reiseliv.

Delen som står heilt utan bookingar, er på 27 prosent.

– Bransjen føler stor utryggleik for hausten og det kommande året, og bransjen har låge bookingtal fram til jul, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NTB.

– Vi kan ikkje forvente eit storinnrykk av utanlandske turistar dei neste månadene, og kurs- og konferansemarknaden er nærast død. Det er få bedrifter som har booka større møte og konferansar i haust, eller som dreg ut og et, seier ho.

Måndag denne veka kunngjorde regjeringa at dei innfører ei kompensasjonsordning for reiselivet på inntil éin milliard kroner. Ordninga vil gjelde ut året.

– Så lenge pandemien varer og styresmaktene har pålagt næringa restriksjonar, må reiselivet ha hjelp til å overleve. Vi forventar ei tilsvarande ordning i statsbudsjettet for 2021 som kjem 7. oktober, seier Krohn Devold.

Må seie nei til mange

På Gjendesheim i Jotunheimen, som er Noregs største turisthytte, har det vore eit krevjande år, ifølgje vertskap Marius Haugaløkken. Sommaren vart svært roleg, noko som har halde fram ut i seinsommaren.

Han seier at dei likevel har opplevd ein langt større pågang i forkant av haustferien enn dei normalt gjer.

– Vi har måtta seie nei til veldig mange for å kunne overhalde smitteverntiltaka, seier Haugaløkken til NTB.

Han seier at sommaren gjekk greitt økonomisk, men likevel langt under det normale nivået. Dermed er han uviss på om dei vil klare å dekkje kostnadene utover vinteren fram til opning neste år.

– Ein blir sliten fordi ein bekymrar seg heile tida. Er det trygt? Blir nokon sjuke? Har eg råd til å betale rekningane i vinter og til neste år? Må eg stå sjølv i oppvasken fordi eg ikkje har råd til å tilsetje nokon til å gjere det, seier han.

Éin av tre håpa på haustferie i utlandet

Før sommaren planla éin av tre nordmenn å ha årets haustferie på hytta, ifølgje ei undersøking Virke Reiseliv gjennomførte i mai.

32 prosent svarte den gong at dei håpa å kunne ta haustferien utanlands. Undersøkinga vart gjennomført tidleg i pandemien, medan det kanskje framleis låg ein liten optimisme om ei betring over sommaren.

I fjor selde dei største norske reiseselskapa rundt éin million reiser til nordmenn som ville på solferie gjennom året, mange av desse i haustferien.

– Vi ser fram til den dagen desse verksemdene igjen kan sende nordmenn på tur. I mellomtida håpar vi flest mogleg nyttar høvet til å oppleve Noreg og alt vårt eige land har å by på, seier Bergmål.

(©NPK)

Påska vart prega av hytteforbod, medan stikkordet for sommaren vart «noregsferie». No står haustferien på trappene. Foto: Aleksander Andersen / NTB

Ei undersøking Virke Reiseliv gjennomførte tilbake i mai viste at 32 prosent av befolkninga håpa på å kunne ta haustferie utanlands. No, dryge fem månader seinare, viser ikkje pandemien teikn til å avta og det ligg igjen an til noregsferie. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Vert Marius Haugaløkken på turisthytta Gjendesheim i Jotunheimen seier at det har vore eit krevjande år. Han bekymrer seg for vinteren. Arkivfoto: Geir Olsen / NTB

Direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier at bransjen føler stor utryggleik for hausten og det kommande året. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB