Annonse

Ingen internasjonale valobservatørar til Noreg i år

Koronapandemien gjer at stemmelokala kjem til å vere tomme for internasjonale valobservatørar under stortingsvalet.

Annonse

Internasjonale observatørar har vore til stades ved kvart stortingsval dei siste åra for å sjekke at alt går rett for seg både før, under og etter valet.

I år kjem det ingen, stadfestar Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Årsaka er koronapandemien, opplyser Den norske Helsingforskomiteen og Flyktninghjelpen, som begge har vore vertskap for internasjonale valobservatørar tidlegare.

Kan ikkje reise

– Vi har pleidd å invitere rundt 20 personar frå mange ulike land, mellom anna Aust-Europa. I år har covid-19 gjort det vanskeleg å planleggje, seier seniorrådgivar Lene Wetteland i Helsingforskomiteen.

Observatørane pleier å reise til ulike delar av landet medan dei er her. Det lèt seg ikkje gjere i år, peikar Wetteland på. I tillegg er det snart val i Russland og dermed vanskeleg for russiske kollegaer å komme seg ut av landet, forklarer ho.

Heller ikkje Flyktninghjelpen har invitert delegasjonar i år på grunn av korona, fortel Anne Sofie Molandsveen i Flyktninghjelpens beredskapsstyrke, NORCAP.

– Vi håpar å kunne ta opp att dette ved kommune- og fylkestingsvalet i 2023, seier Molandsveen.

Kritikk frå valobservatørar har tidlegare ført til lovendringar og krav om at alle veljarar må vise legitimasjon.

Åtvarar om hets

Heller ikkje OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) sender valobservatørar til Noreg i år.

Kommunaldepartementet sende tidlegare i år ein invitasjon til OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) om å observere valet i år . Men ODIHR konkluderer i rapporten sin med at det ikkje er nødvendig.

– Dei har stor tillit til arbeidet til valstyresmaktene og at det går føre seg eit arbeid med å revidere vallova på sentrale område, som til dømes klageordninga, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

I rapporten peikar ODIHR òg på fleire problematiske sider ved det norske valet. Dei er bekymra for reglane for partifinansiering og for hets mot politikarar i sosiale medium.

– Gir oss eit utanfråblikk

Noreg er etter folkeretten forplikta til å ta imot nasjonale og internasjonale valobservatørar.

Astrup understrekar at departementet hans har vore tydelege på at desse forpliktingane ikkje blir sette til side på grunn av koronapandemien.

Valobservatørane speler ei viktig rolle, meiner han.

– Valobservasjon er viktig fordi det bidreg til å halde oppe tilliten til valgjennomføringa. Det gir oss òg eit utanfråblikk, som er viktig for oss når vi skal vurdere endringar ved framtidige val, seier Astrup.

Frå 158 til 15

Førre stortingsval vart overvakt av rekordmange observatørar. Til saman 158 valobservatørar frå 32 ulike land besøkte kommunar i heile landet, frå Kirkenes til Arendal.

Heller ikkje valet i år er heilt skjerma for kritiske blikk. 15 valobservatørar frå studentorganisasjonen EDDA (European Dialogue and Democracy Association) ved Universitetet i Bergen har meldt seg til teneste, opplyser Astrup.

– Vi er glade for at det kjem ein delegasjon med nasjonale observatørar, og ser fram til å sjå kva dei trekkjer fram i observasjonsrapporten sin, seier Astrup.

(©NPK)

Koronapandemien set sitt preg på stortingsvalet i år. På Valle Hovin i Oslo har det vore mogleg å føehandsstemme via «drive-in». Pål Søtorp av blant dei som nytta seg av det. Valfunksjonærane er Are Myrtrøen, Sophie Reichle Hurlen og Dayana Afzali.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Rekordmange valgobservatørar overvåka det førre stortingsvalet. Her er valmedarbeidar Jan Egil Omholt (t.h.) på Bærum bibliotek på Bekkestua i samtale med valobservatørane Dmytro Tuzhanskyi frå Ukraina (t.v.) og Arpi Hovhannisyan frå Armenia.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Sjølv om det ikkje kjem internasjonale valobservatørar til Noreg i år, er kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup glad for at ei lita gruppe nasjonale valobservatørar skal sjå på stortingsvalet i år.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK