Ingen klar konklusjon frå Havarikommisjonen etter sjarkforlis i 2018

Havarikommisjonen kan ikkje fastslå med sikkerheit hendingsgangen som førte til at ein fiskesjark med to personar om bord forliste i Boknafjorden i 2018.

Begge dei to fiskarane som var om bord, omkom i forliset.

I rapporten frå Statens havarikommisjon heiter det at dei tekniske undersøkingane ikkje har avdekt noka svakheit i konstruksjonen, og at ein ut ifrå skadane konkluderer med at båten gjekk på grunn og sokk som følgje av dette.

«Etter Havarikommisjonens vurdering viser denne ulykken at selv erfarne fiskere bør være forsiktige med å operere i denne typen farvann i dårlig vær», heiter det i rapporten.

Ein 51 år gammal mann vart henta livlaus opp av vatnet same dag og seinare erklært død på Haukeland universitetssjukehus i Bergen, medan ein 47 år gammal mann vart funnen omkommen to dagar seinare.

Forliset skjedde i Boknafjorden ved Arsvågen i Rogaland i oktober 2018. Fiskebåten vart funnen på fem meters djup og heva dagen etter forliset.

(©NPK)