Annonse
Annonse

Ingen norsk suksess i europacupfinalen i utfor

Europacupfinalane i utfor i Narvik vart ingen suksess for dei norske køyrarane. Marte Monsen stod for einaste topp-ti-plassering med 8.-plass i rennet.

Annonse

Monsen enda 81 hundredelar bak den franske vinnaren Camille Cerutti. Ho vart slått også av fire austerrikarar, ein canadiar og ein sveitser. Pernille Dyrstad Lydersen var nest beste norske kvinne på 28.-plass.

I klassen for menn var Markus Fossland beste nordmann på 16.-plass. Han enda 65 hundredelar bak vinnaren Marco Pfiffner frå Liechtenstein, som kneip sigeren to hundredels sekund føre slovenaren Nejc Naralocnik.

Fredrik Møller vart nummer 25.

Europacupsesongen blir avslutta med super-G for kvinner laurdag og menn søndag.

(©NPK)

Marte Monsen var beste norske utøvar under europacupfinalane i utfor i Narvik. Foto: Lise Åserud / NTB

Annonse