Annonse

Ingen norske kortlista til Oscar

Noregs Oscar-håp «Hva vil folk si» kom ikkje gjennom nålauga. Berre Danmark er nominert blant dei skandinaviske landa til å vinne ein Oscar-statuett.

87 filmar vart vurderte i kategorien beste utanlandske film, og ni har vorte plukka ut til å gå vidare til neste runde, opplyser filmakademiet på nettsidene sine. På lista står ikkje Noregs Oscar-nominasjon «Hva vil folk si» av Iram Haq.

Blant dei skandinaviske landa er det berre Danmark som er gått vidare til neste runde, med filmen «Den Skyldige» regissert av Gustav Möller. Også Mexicos «Roma», regissert av Alfonso Cuarón, og Sør-Koreas «Burning» av Lee Chang-dong er å sjå på nominasjonslista over beste utanlandske film.

På lista over nominerte i kategorien visuelle effektar står kjende filmar som «Avengers: Infinity War», «Black Panther» og «First Man» oppført.

To norske filmar har fått Oscar tidlegare, men ingen for beste utanlandske film. Åtte andre filmar har vore nominerte, sist dokumentaren «The Act of Killing».

Alle nominasjonane vil bli offentleggjorde tysdag 22. januar, og filmfiffen kjem til raud løpar og oscarfest søndag 24. februar. Oscar blir arrangert for 91. gong.

(©NPK)

Danmark er det einaste skandinaviske landet som har gått vidare i nominasjonen om å vinne ein Oscar i kategorien beste utanlandske film. Foto: AP / NTB scanpix