Ingen nye NM-sensasjonar – hårfine cupsigrar for Vålerenga og Haugesund
Vålerenga måtte jobbe for å gå vidare i fotball-NM 4. divisjonslaget Råde skapte ei viss spenning lenge på veg mot 0-1-tap.
Jacob Dicko Eng skåra kampens einaste mål. Jones El-Abdellaoui vart spelt fri ute til høgre før han sende ballen inn i feltet. På bakre stolpe venta Eng. Han fekk to sjansar på å setje ballen i mål.
4. divisjonslaget Råde forsvarte seg godt, men skapte svært lite framover framfor vel 1700 tilskodarar.
I fjor heldt Råde Fredrikstad til 0–0 etter 90 minutt, men tapte 0–1 etter ekstraomgangar.
Haugesund hadde god kontroll lenge mot Staal Jørpeland. Adrion Pajaziti skåra to gonger før pause og sikra 2-0-leiing. Daniel Ciach reduserte på ein heading etter 89 minutt, og då vart det plutseleg spennande mot slutten, utan at det kom fleire mål.
Sarpsborg 08 kom under mot FuVo, men trong ein snau time på å ta leiinga 1–3. Måla på veg dit vart sett inn av Steffen Lie Skålevik, Kristian Fardal Opseth og Joachim Soltvedt. Fleire skåringar dukka ikkje opp på Funnefoss stadion.
Sandefjord forsvann ut av den første runden til cupen som første klubb frå Eliteserien. Eik Tønsberg avgjorde på straffer i kampen som vart spelt onsdag.
(©NPK)
Vålerengas Jacob Dicko Eng (her i ein Eliteserien-kamp) skåra 1. rude i cupen. Foto: Jan Kåre Ness / NTB