Klargjør siden...

Ingen personar tatt av raset i Tromsdalen

(NPK-NTB): Politiet trur ikkje at nokon vart tatt av snøskredet som gjekk i Storaksla i Tromsdalen fredag ettermiddag. Søket er no avslutta.

Troms politidistrikt opplyser at dei etter søk med både helikopter og hundar har konkludert med at raset ikkje har tatt med seg folk.

– Skredet er rekna til å vere 40 gonger 50 meter, seier Beate Helberg, innsatsleiaren til politiet på staden, til Nordlys.

Eit helikopter gjorde eit grovsøk utan å finne noko, og to hundeekvipasjar frå Norske Redningshunder rykte òg ut.

Politiet fekk melding om skredet klokka 14.30. (©NPK)

Annonse