Klargjør siden...
Annonse

Ingen takka nei til astma-utvalet

(NPK-NTB): Skiforbundet fekk ja frå alle dei spurde om å hjelpe til med utgreiinga om medisinbruken i norsk langrenn.

– Eg er glad for at vi har fått på plass utvalet, og at vi fekk ja frå dei første kandidatane vi hadde på lista vår. Alle svarte ja, seier Torbjørn Skogstad.

Han er leiar i langrennskomiteen i Skiforbundet.

– Sommaren har late etter seg ein del opne spørsmål. Dei som jobbar rundt i Ski-Noreg, fortener å få eit godt svar på desse. Kommisjonen er godt kvalifisert og uavhengig, seier Skogstad.

Katharina Rise skal leie utvalet, som skal ha det første møtet i september. (©NPK)

Annonse