Annonse

Inspeksjonen av Viking Sky kan ende med sikkerheitstilråding til andre fartøy

Inspeksjonen av cruiseskipet Viking Sky fortsette tysdag. Sjøfartsdirektoratet prøver å avdekke forhold om bord som kan ha tyding for andre fartøy.

Annonse

Inspektørane frå Sjøfartsdirektoratet gjekk først om bord måndag for å prøve å finne ut kva som førte til at skipet fekk motorstans laurdag. Målet er å raskt avdekke om det er forhold som gjer det nødvendig å åtvare andre fartøy.

- I det arbeidet som direktoratet no gjer om bord, så er det stort fokus på å avdekke om det kan vere forhold ved hendinga, teknisk eller operasjonelt, som kan ha tyding for andre fartøy. Arbeidet er ikkje ferdig, og direktoratet vil raskt gå ut med informasjon om slike forhold skulle bli avdekte, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

- Etter ulykka i 2007 med ankerhandteringsskipet Bourbon Dolphin gjekk vi etter kort tid ut med ein førebels sikkerheitstilråding basert på dei opplysningane vi etter kvart fekk. Skulle vi få informasjon i den gjennomgangen som no går føre seg, som vi mistenker kan gjelde for andre skip, skal ein ikkje vere i tvil om at vi kjem til å informere raskt om dette og eventuelt tilrå mellombelse tiltak, påpeikar han.

Tysdag har inspektørane konsentrert seg om maskineriet på skipet og loggar knytt til alarmane som oppstod forut for og under hendinga på Hustadvika. Direktoratet jobbar tett med reiarlaget og klasseselskap for å identifisere årsaka til «blackouten» i maskineriet.

- I tillegg hjelper direktoratet både politi og havarikommisjonen i arbeidet deira, opplyser Alvestad.

Reiarlaget ønsker å flytte cruiseskipet frå Molde til ein verkstad i Kristiansund for å byrje på utbetringane av skipet. For å få gjort dette, må denne operasjonen oppfylle ei rekke krav som direktoratet jobbar med å avklare overfor reiarlaget. Reiarlaget har tidlegare uttrykt eit håp om at skipet kan setjast i drift igjen allereie i april.

Sjøfartsdirektoratet skrytte allereie måndag av innsatsen til mannskapet då motorhavariet skjedde. Det vart òg utført ei dykkarundersøking av skipet som viste at skroget ikkje har fått skadar og at kjølevassinntaka på skipet var opne.

(©NPK)

Inspeksjonen av cruiseskipet Viking Sky etter motorhavariet laurdag er i full gang. Sjøfartsdirektorat ønsker å avdekke om det er forhold om bord som kan ha betyding for andre fartøy.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix