Insulinpumpe kan hackast - brukarar blir bedne om å vere på vakt

Brukarar av insulinpumpa «Minimed 508» og «MiniMed Paradigm» blir bedne om å sjekke pumpa av Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN), skriv Avisa Nordland.

Brukarar av insulinpumpa «Minimed 508» og «MiniMed Paradigm» blir bedne om å sjekke pumpa av Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN), skriv Avisa Nordland.

Årsaka er at leverandøren av pumpa har avdekt ei moglegheit for at uvedkommande via eit datasystem teoretisk kan ha komme seg «inn på pumpa» og endra innstillingane, skriv avisa.

For at uvedkommande skal kunne ha moglegheit til å endre innstillingane må dei ifølgje UNN ha høg teknisk kompetanse, kjenne serienummeret til pumpa og vere i nærleiken av ho. Selskapet Meditronic, som produserer pumpa, kjenner så langt ikkje til at dette har skjedd nokon stad i verda.

Ifølgje sjukehuset betyr ikkje feilen noko for vanleg bruk av insulinpumpa, men dei oppmodar om ikkje å dele serienummeret til pumpa og ikkje plugge eininga i andre datamaskiner enn eigen PC. Brukarar blir òg bedne om å vere oppmerksame på varslar frå pumpa som avvik frå normalen.

Tryggingsfeilen gjeld pumpar som er utleverte frå sjukehuset dei siste fem åra.

(©NPK)