Annonse

Iran samd om å ta opp att atomforhandlingar i november

Iran har sagt seg samde om å ta opp att forhandlingar med stormaktene neste månad om atomavtalen.

Det kunngjorde Irans viseutanriksminister Ali Bagheri onsdag, etter samtalar med EU-meklarar i Brussel.

– Vi er samde om å starte forhandlingane i november. Nøyaktig dato vil bli kunngjort i løpet av neste veke, skriv Bagheri på Twitter.

Andre deltakarar i forhandlingane må framleis stadfeste at dei vil vende tilbake til forhandlingsbordet.

EU og stormaktene i verda har jobba hardt dei siste månadene for å få forhandlingane i gang igjen og kanskje gjenopplive atomavtalen frå 2015. Dette skjer etter at den ultrakonservative Ebrahim Raisi vart vald som president.

(©NPK)

Iran og president Ebrahim Raisi er samde om å vende tilbake til forhandlingsbordet i november. Foto Iranian Presidency Office / AP / NTB