ANNONSE
Annonse

Irans president nekta å snakke med journalist utan hijab

Irans president Ebrahim Raisi braut ein intervjuavtale med ein CNN-journalisten Christiane Amanpour i New York – fordi ho ikkje dekte til håret.

Ein av Raisis medarbeidarar bad henne dekke til håret før dei skulle møtast.

– Eg takka høfleg nei. Vi er i New York, skriv ho på Twitter.

Medan Irans president er i USA på FNs hovudforsamling, kom nyheita om at minst 31 sivile er drepne i demonstrasjonar i Iran. Protestane braut ut etter at Mahsa Amini (22) døydde i varetekta til moralpolitiet. Amini vart arrestert fordi ho skal ha gått med hijaben på feil måte.

– Medan protestar held fram i Iran og menneske blir drepne, ville det vore viktig å snakke med president Raisi, skriv Amanpour.

(©NPK)

Irans president nekta å bli intervjua av ei kvinne som ikkje dekte til håret i New York. Foto: Ebrahim Raisi / AP NTB

ANNONSE
Annonse