Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Isabella Lövin frå Miljöpartiet blir Sveriges nye visestatsminister og får også ansvar for klimasakene i regjeringa.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 11:43
Lövin er frå før av bistandsminister i regjeringa.
Statsminister Stefan Löfven presenterte i tillegg tre nye ministrar då han la fram den nye regjeringskabalen onsdag.
Miljöpartiets tidlegare talsmann Peter Eriksson blir bustad- og digitaliseringsminister, mens Ann Linde frå Socialdemokraterna blir ny EU- og handelsminister. Karolina Skog frå Miljöpartiet får også plass i regjeringa. Ho får ansvar for miljøspørsmål.
Samtidig går framtidsminister Kristina Persson frå Socialdemokraterna av, kunngjorde Löfven på pressekonferansen i Stockholm. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.