Isabelle Pedersen avsluttar sesongen

Isabelle Pedersen (27) gir opp å kvalifisere seg til VM i Doha og avsluttar sesongen.

Isabelle Pedersen (27) gir opp å kvalifisere seg til VM i Doha og avsluttar sesongen.

Det stadfestar Norges Friidrettsforbund i ei pressemelding onsdag.

- Etter ein lang sesong der eg har jobba veldig hardt med å sikre at treningsmiljøet og alt rundt meg er strukturert og på plass for å kunne takle krava for resten av karrieren min, har eg og teamet rundt meg tatt avgjerda om å fokusere på å gjere dei riktige grepa inn mot det som vil vere den viktigaste meisterskapen i karrieren min, OL i Tokyo neste sesong, seier Pedersen.

Bergensaren ofrar dermed VM i Doha i haust og rettar i staden blikket framover.

- Det vil innebere ein full innandørssesong, som også inkluderer innandørs-VM i Nanjing i Kina, og deretter bygge sesongen inn til OL i Tokyo, seier ho.

Ho planlegg òg å springe EM i Paris neste år. Den meisterskapen går etter Tokyo-OL.

(©NPK)

Isabelle Pedersen avsluttar sesongen. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix