Annonse

Ishockeyen utset OL-avgjerd: Noreg ventar vidare på avklaring

Det internasjonale ishockeyforbundet (IIHF) diskuterte den kinesiske statusen som OL-deltakar på eit styremøte fredag, men inga avgjerd vart tekne.

Annonse

Noregs herrelandslag i ishockey må dermed belage seg på meir venting. IIHF har etter planen nytt styremøte 6. desember.

Skulle det ende med at OL-verten Kina ikkje får stille eit ishockeylag i februar neste år, er det Petter Thoresens mannskap som steppar inn. Tidlegare i haust tapte Noreg for Danmark i kvalifiseringa på heimebane.

Blant spørsmåla IIHF må ta stilling til, er kva spelarar Kina skal få lov til å bruke i vinterleikane. Fleire på det kinesiske landslaget er nordamerikanarar som flytta til landet for å spele for den kinesiskeigde KHL-klubben Kunlun Red Star.

Koronapandemien tvinga laget til å flytte ut av Kina og etablere seg i Moskva i Russland.

Nyleg spelte Kunlun to testkampar mot KHL-motstand. Der vart det eit 4-5-tap på overtid og eit 1-4-nederlag. Personar frå IIHF følgde med og evaluerte prestasjonane til spelarane. Dei skal ha vorte funne gode nok.

Det er under 70 dagar igjen til OL-opninga. Beijing-leikane startar 4. februar.

(©NPK)

Noregs landslagssjef Petter Thoresen gir instruksar i OL-kvalifiseringa tidlegare i haust. Foto: Beate Oma Dahle / NTB