ANNONSE
Annonse

Island arresterer folk for terrorplanar for første gong

Fire menn i tjueåra er arresterte på Island mistenkt for å ha planlagt terrorangrep mot den islandske staten.

Det skal vere første gong islandsk politi har gjennomført ein slik arrestasjon, ifølgje politidirektør Karl Steinar Valsson.

Dei fire vart arresterte av spesialeininga til det islandske politiet i Reykjavik-området onsdag, mistenkt for terrorplanlegging og produksjon av våpen med 3D-skrivarar. Dei skal også ha hatt fleire halvautomatiske våpen og ei stor mengd ammunisjon med seg, på fleire ulike lagringsstader.

To av dei er varetektsfengsla.

Det er ikkje kjent kva institusjonar det skal dreie seg om. På spørsmål frå statskringkastaren RÚV seier Karl Steinar Valsson at det er rimeleg å tru at Alltinget og politiet kan ha vore mål for eit angrep.

Det islandske politiet meiner saka no er handtert og at det ikkje er nokon fare for offentlegheita.

(©NPK)

ANNONSE
Annonse