- Palestinar drepen i israelske angrep på Gazastripa

Minst éin palestinar skal vere drepen i israelske angrep på Gazastripa. Ein bustad i Israel er blitt treft av ein rakett skoten ut frå det palestinske området.

Rundt 20 militære mål vart ramma i flyangrepa onsdag morgon, ifølgje det israelske militæret.

Helsedepartementet på Gazastripa opplyser at éin person er drepen og fleire andre såra. Departementet er kontrollert av den islamistiske Hamas-rørsla, som styrer det palestinske området.

Sjokkskadar

Nokre timar tidlegare vart ein bustad i byen Beersheba sør i Israel treft av ein rakett skoten ut frå Gazastripa. Dette skal vere første gong sidan 2014 at ein israelsk bustad er blitt ramma i eit slikt angrep.

I bustaden bur ei kvinne og hennar tre barn, og dei blir behandla for sjokkskadar, ifølgje den israelske nødetaten Magen David Adom. Familien skal ha rokke å komme seg til eit tilfluktsrom før huset vart ramma.

To andre personar vart skadde i panikken som oppstod då flyalarmen gjekk og folk i Beersheba måtte søke tilflukt.

Tar avstand

Ein annan rakett trefte ei israelsk strand utan at nokon vart skadd. Kort tid seinare stengde Israel to grenseovergangar til Gazastripa.

Hamas-rørsla tok onsdag avstand frå rakettangrepa mot Israel. Kva grupper som står bak dei, er ikkje kjent. Israelske styresmakter meiner likevel at Hamas i praksis er ansvarleg.

Sidan 30. mars har det vore jamlege demonstrasjonar på Gazastripa. Protestane er blant anna retta mot den israelske blokaden som har gjort levekåra på Gazastripa svært vanskelege.

Sidan demonstrasjonane starta er minst 205 palestinarar blitt drepne av israelske styrkar.

(©NPK)

Ein ung palestinar kastar steinar mot israelske styrkar under ein demonstrasjon nord på Gazastripa måndag. Foto: Khalil Hamra / AP / NTB scanpix