Annonse

Israel riv palestinske hus i Aust-Jerusalem

Israelske styrkar har byrja raseringa av titals palestinske bustader i Aust-Jerusalem.

Annonse

Titals politi og soldatar sperra av minst fire bygningar i Sur Baher-området sør for Jerusalem, rapporterer nyheitsbyrået AFPs reporter. Bebuarar og aktivistar vart dratt ut av heimane sine, og journalistar vart haldne på avstand.

Rivingsarbeidet som var i full gong måndag morgon, markerer slutten på ein årelang kamp om bustadene.

Israelske styresmakter meiner bygningane vart bygde ulovleg og peikar på at dei står for nær gjerdet mot den okkuperte Vestbreidda. Innbyggarane meiner dei ikkje har nokon stader å bygge bustader, og det er umogleg å få løyve til å bygge lovleg i området.

Rivinga byrja natt til måndag. Fleire av dei over 20 leilegheitene i dei aktuelle bygningane var i morgontimane øydelagde.

FN anslår at rundt 20 menneske bur i bygningane, medan rundt 350 bustadeigarar som enno ikkje har flytta inn, blir ramma.

(©NPK)