Annonse

Israel skjerpar på nytt restriksjonane for Gazas fiskarar

Israel skjerpar igjen restriksjonane for Gazas fiskarar etter at det er sendt ballongar med brannbomber frå den palestinske enklaven.

Annonse

Tysdag gav Israel Gazas fiskarar høve til å gå opptil 15 nautiske mil, rundt 28 kilometer frå land. Natt til torsdag vart sona igjen redusert, denne gongen til 10 nautiske mil, rundt 18 kilometer

Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane slår fast at Gazas fiskarar har rett til å fiske i ei sone som strekker seg 20 nautiske mil, 37 kilometer ut i Middelhavet.

Fiskarane klagar over dårleg fangst så nær land, men risikerer å bli skoten på av israelske marinefartøy om dei går lenger ut.

(©NPK)

Gazas fiskarar risikerer å bli skotne på av israelske marinefartøy om dei går lenger ut frå land enn det Israel tillèt. Foto: AP / NTB scanpix