Annonse

Israelsk studie viser låg effekt av fjerde vaksinedose

Ein fjerde vaksinedose gir i lita grad auka vern mot omikronvarianten av koronaviruset, viser ein israelsk studie.

Sjølv om ein fjerde vaksinedose gir litt meir antistoff i kroppen, «gir han berre delvis vern» mot omikronvarianten, seier Gili Regev-Yochay som leier infeksjonsavdelinga ved Sheba-sjukehuset i Tel Aviv.

150 menneske som for to veker sidan fekk ein fjerde dose med vaksine frå Pfizer-Biontech, og dessutan 120 som for ei veke sidan fekk ein dose med Moderna-vaksine etter tidlegare å ha fått tre dosar med Pfizer-Biontech-vaksine, inngår i studien.

Effekten i dei to gruppene er stort sett lik, og fleire av forsøkspersonane vart smitta av omikronvarianten sjølv om dei hadde fått fire dosar, seier Regev-Yochay, som understrekar at resultata er førebelse.

Israel tilbyr ein fjerde vaksinedose til alle over 60 år og dessutan til tilsette i helsesektoren.

(©NPK)

Ein fjerde vaksinedose viser seg å ha liten effekt på omikronvarianten av koronaviruset, viser førebels resultat frå ein israelsk studie. Foto: AP / NTB