Annonse

Italia vedtar strengare asylpolitikk

Måndag vedtok den italienske regjeringa nye reglar for asyl og heimsendingar, skissert av visestatsminister og innanriksminister Matteo Salvini.

Salvini representerer det sterkt innvandringskritiske partiet Lega. På måndag skreiv han dette på Twitter:

«I dag skal eg endeleg snakke med regjeringa for å få godkjent tryggingsseglar. Det er eit stort steg framover i kampen mot gangsterar, kriminelle og menneskesmuglarar»

Dei nye reglene vil forlenge tida flyktningar kan haldast i transittmottak før heimsending frå 90 til 180 dagar. I tillegg avskaffar dei opphaldsløyve på bakgrunn av humanitært vern.

Dette løyvet har ifølgje Salvini blitt delt ut for enkelt tidlegare.

FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, oppfordra regjeringa til å la desse løyva vere etter å ha møtt Salvini i Roma for to veker sidan.

Ifølgje forskingssenteret Fonazione IMSU, som jobbar med migrasjon, behandla Italia om lag 23.000 asylsøknader i første kvartal av 2018. Meir enn 61 prosent av desse fekk avslag, 21 prosent fekk humanitært vern, og 6 prosent blei gitt flyktningstatus.

Salvini vil også inndra opphaldsløyve for menneske som blir funne skyldige i alvorlege brotsverk som valdtekt eller narkotikaverksemd. I tillegg vil han inndra statsborgarskapet til mistenkte terroristar.

Etter vedtak i regjeringa må endringane også godkjennast av presidenten i landet, før dei blir sende til nasjonalforsamlinga for ratifisering.

Ifølgje meldingar i italienske medium kan reforma om å inndra statsborgarskap bli tynna ut då den kan vere i strid med grunnlova.

(©NPK)