Annonse

Italia vil erklære unntakstilstand etter Venezia-flaum

Den italienske regjeringa vil erklære unntakstilstand i det flaumramma Venezia. Ei tidvassbølgje har sett bustader, butikkar og berømde monument under vatn.

Statsminister Giuseppe Conte skildrar situasjonen i den historiske byen som «eit stikk i hjartet av landet» og kalla torsdag inn til ein regjeringskonferanse der han vil erklære unntakstilstand.

Under møtet skal det òg planleggjast tiltak for byen.

Tysdag var vass-standen 1,87 meter over normalen - det nest høgaste nivået målt i byen nokosinne, og onsdag morgon vakna folk til marerittliknande scener. Ei tidvassbølgje byen ikkje har sett maken til på 53 år, hadde feia inn over byen.

Kjende monument under vatn

Storm og kraftig styrtregn i tillegg til høgt tidvatn førte til at den kjende Markusplassen såg ut som ein innsjø.

Vatnet fløymde mellom anna inn i inngangspartiet til den berømte Markuskyrkja.

- Byen er i kneståande. Øydeleggingane er store, heitte det i ei melding på RAI, den nasjonale kringkastaren i Italia. Presidenten i Veneto-regionen, Luca Zaia, sa at 80 prosent av Venezia stod under vatn, og at skadane var ufattelege.

Statsminister Conte var i Venezia onsdag kveld og fekk sjølv sjå verdskjende monument, butikkar og bustader stå under vatn. Det er skadar for millionar av euro, men omfanget er enno ikkje klart.

Skuldar på klimaendringar

Guvernøren i byen, Luigi Brugnaro, har retta merksemda mot klimaendringane, og meiner Italia må vakne.

- Vi må vere motstandsdyktige og tilpasse oss. Vi treng ein politikk som ser på klimaendringar med heilt andre auge, sa Brugnaro.

I 2003 vart det sett i verk eit stort prosjekt for å gjere byen meir motstandsdyktig mot vassmassane, men prosjektet har vorte ramma av både budsjettsprekkar, korrupsjonsskandalar og forseinkingar.

Førebels er rekninga på 6 milliardar euro.

Prosjektet involverer mellom anna 78 portar som kan hevast for å sikre hamna i Venezia ved høgt havnivå. Nyleg vekte det uro då det vart gjort testar som avdekte at delar av anlegget har rusta fast og er ubrukeleg.

(©NPK)

Den verdskjende Markusplassen i hjartet av Venezia tysdag. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix

Havnivået steig med 1,87 meter i Venezia tysdag. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix

Over 80 prosent av Venezia vart ramma av vassmengdene som feia inn over byen tysdag og onsdag. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix

Den tidlegare italienske statsministeren Silvio Berlusconi besøkte Markusplassen torsdag. Foto: Luigi Costantini / AP / NTB scanpix