Annonse

Italiensk politi meiner det vart juksa med pass-søknaden til Suárez

Italiensk politi har opna etterforsking etter påstandar om at fotballstjerna Luis Suárez juksa på språkprøva då han søkte italiensk pass i sommar.

Annonse

Suárez var aktuell for ein overgang til Juventus, men måtte då skaffe seg italiensk pass sidan storklubben allereie hadde henta for mange ikkje-EU-spelarar.

No har politiet i Perugia innleia etterforsking etter at avlytting av tilsette ved universitetet i byen antydar at det vart juksa med språkprøva som skulle vise at Suárez snakkar italiensk.

– Han må få ståkarakter, for med ei lønn på 10 millionar euro i året, kan han ikkje stryke, skal ein tilsett ved universitetet ha sagt medan politiet høyrde på.

To tilsette ved universitetet er no under etterforsking for svindel.

Overgangen, som aldri vart noko av, var avhengig av at Suárez stod på språkprøva. Han var aktuell for italiensk pass sidan kona hans er dottera til ein italiensk emigrant som flytta til Uruguay.

(©NPK)

Luis Suarez var nær ein overgang til Juventus i sommar, men han gjekk i vasken. Foto: Terje Pedersen / NTB