Annonse

Iversen droppar verdscup i 2020 pluss Tour de Ski

Langrennsstjerna Emil Iversen gjer som Johannes Høsflot Klæbo og står over alle dei resterande verdscuprenna i 2020. Han droppar også Tour de Ski.

Annonse

Det stadfestar 29-åringen overfor NRK.

Dermed kjem han verken til start i verdscuprenna i Davos eller Dresden før jul.

Tidlegare måndag sa Johannes Høsflot Klæbo at han har komme til den same avgjerda.

– Eg stiller meg bak det Johannes seier, og kan stadfeste at eg ikkje skal gå nokon renn før jul, eg heller. Eg står også over Tour de Ski, seier Iversen til NRK.

(©NPK)

Emil Iversen droppar fleire renn utanlands i 2020. Foto: Vesa Moilanen / Lehtikuva via AP / NTB