Annonse

Ja til koronamedisin frå AstraZeneca i Noreg

Koronamedisinen Evusheld frå AstraZeneca kan takast i bruk i Noreg, har Avgjerdsforum bestemt. Helsedirektoratet skal utvikle faglege råd for legemiddelet.

– Dette er eit nytt covid-19-legemiddel som kan takast i bruk i spesialisthelsetenesta, i tråd med retningslinjer som fortløpande blir fastsette av fagdirektørane i dei regionale helseføretaka, seier Inger Cathrine Bryne, leiar i Avgjerdsforum, til Dagens Medisin.

Det er fleire grunnar til at medisinen vart godkjend, mellom anna at ein ikkje veit korleis smittesituasjonen vil vere i Noreg i haust, seier fagdirektør i Helse vest, Baard-Christian Schem.

Koronaviruset endrar seg stadig, og det kan komme nye mutasjonar av viruset som gjer at effekten av legemiddel varierer, påpeikar Schem.

– I tillegg har vi ikkje den same forsyningssituasjonen som vanleg, der vi kan kjøpe inn fortløpande. Dessutan ser vi for oss at det kan komme inn ny dokumentasjon dei næraste månadene, seier han.

Evusheld kan brukast både førebyggjande og som behandling av koronasjukdom.

– Det er ei smal gruppe denne behandlinga er tiltenkt, seier Schem.

Evusheld er først og fremst berekna for dei som ikkje har god nok effekt av vaksine mot covid-19 eller som ikkje kan eller bør ta vaksinen. Medisinen kan brukast av vaksne og ungdom i alderen tolv år og eldre som veg minst 40 kilo.

Medisinen er allereie godkjend i USA og EU.

(©NPK)

Enkelte personar kan ikkje ta koronavaksine. Ein ny medisin frå AstraZeneca skal verke førebyggjande mot koronasjukdom. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK