Annonse

«Ja, vi elsker» blir omsider Noregs nasjonalsong

Stortinget vil gjere «Ja, vi elsker» til Noregs offisielle nasjonalsong, 150 år etter at han vart skriven.

Det var Dagbladet som først omtalte saka.

Torsdag vart det klart at ein einstemmig familie- og kulturkomité på Stortinget støttar forslaget frå Frps Morten Wold om å gi Bjørnstjerne Bjørnsons fedrelandssong den offisielle statusen han ikkje har hatt til no. Det endelege vedtaket blir gjort i Stortinget 11. desember.

- Eg er glad for at alle partia valde å gå inn og støtte forslaget. «Ja, vi elsker» er ein song vi alle har eit forhold til og det kjennest riktig å formalisere det ved at Stortinget vedtar han som nasjonalsong, seier Wold til NTB.

Han påpeikar at mange land har vedtatt kva som skal vere nasjonalsongen deira, og meiner det var på tide at Noreg gjorde det same.

- Då er det slått fast ein gong for alle, seier Wold, som meiner det no heller ikkje er nødvendig å debattere innhaldet i teksten meir.

Få har stilt spørsmål ved statusen til songen som uoffisiell nasjonalsong, men det har likevel vore debatt om teksten. Ein av strofene som blir trekt fram er denne: «Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett». SV-veteran Oddny Miljeteig er blant dei som har omtalt songen som kjønnsdiskriminerande og utdatert.

Bjørnstjerne Bjørnsons første versjon av teksten vart skriven og publisert til stortingsopninga i 1859, ifølgje Store Norske Leksikon. Han gjorde fleire endringar, og den endelege versjonen kom ti år seinare. Melodien er skriven av Rikard Nordraak.

(©NPK)

Morten Wold (Frp) har fått med seg Stortinget på å gjere «Ja, vi elsker» til Noregs offisielle nasjonalsong. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB scanpix