Jakob Ingebrigtsen forsvarte gullet på 1500 meter i innandørs-EM

Ingen kunne stoppe tittelsankaren Jakob Ingebrigtsen (22) på 1500-meteren i innandørs-EM. Han var aldri skikkeleg trua på veg mot gullet i Istanbul.

Sigeren kom på tida 3.33,95. Ingebrigtsen hadde full kontroll på oppløpet.

Med det forsvarte han tittelen frå 2019. Sandnes-mannen er også regjerande meister på 3000 meter og spring i helga for endå ein gulldobbel.

Ingebrigtsen vart torsdag finaleklar med 3.50,29 og ein tredjeplass i kvalifiseringsheatet sitt. Der tok han ikkje ut meir enn han måtte.

– Det var eit enkelt løp. Eg ville spare så mykje energi som mogleg, sa rogalendingen etterpå.

Finalesigeren var Ingebrigtsens fjerde totalt i innandørs-EM. Den første kom på 3000-meteren for fire år sidan. Som senior har han no heile ti meisterskapsgull frå friidrettsbana.

I tillegg er Ingebrigtsen to gonger europameister i terrengløp.

Meisterskapen i Istanbul går som planlagt trass jordskjelvet som ramma Tyrkia hardt for ein snau månad sidan.

(©NPK)

Jakob Ingebrigtsen (t.v.) i aksjon i torsdagens kvalifisering på 1500 meter i innandørs-EM i Istanbul. Dagen etter suste han inn til gull i finalen. Foto: AP / NTB