Jakob Ingebrigtsen kan vinne tre priser på Idrettsgallaen

Den doble europameisteren Jakob Ingebrigtsen markerer seg med tre nominasjonar til Idrettsgallaen, men får tøff konkurranse i alle kategoriar.

Friidrettstalentet frå Sandnes vann EM-gull på både 1.500 og 5.000 meter og er nominert til prisar i kategoriane «årets mannlege utøver», «årets gjennombrot» og «årets namn».

Blant andre nominerte i den gjeve «årets namn»-kategorien er namn som Marit Bjørgen, Magnus Carlsen, Karsten Warholm og Ada Hegerberg, så det er liten tvil om at Ingebrigtsen har sterke utfordrarar der.

Far hans Gjert Ingebrigtsen er elles nominert i kategorien årets trenar, noko han også var i fjor. Då vann Warholms trenar Leif Olav Alnes den prisen.

Eit historisk godt vinter-OL er også med på å prege nominasjonslistene, som ser slik ut:

Årets kvinnelege utøvar:

Marit Bjørgen

Gunn-Rita Dahle Flesjå

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Ragnhild Haga

Ada Hegerberg

Johanne Killi

Maren Lundby

Ragnhild Mowinckel

Marte Olsbu Røiseland

Årets mannlege utøvar:

Kjetil Borch

Øystein Bråten

Johannes Thingnes Bø

Jakob Ingebrigtsen

Johannes Høsflot Klæbo

Simen Hegstad Krüger

Håvard Holmefjord Lorentzen

Aksel Lund Svindal

Karsten Warholm

Årets lag:

Laghopp OL og VM i skiflyging

Lagtempolaget skøyter i OL, menn

Langrennsstafettlaget, 4x5 kilometer kvinner i OL

Langrennsstafettlaget, 4x10 kilometer menn i OL

Sandvolleyballduoen Anders Mol/Christian Sørum

VM-stafettlaget i orientering

Årets gjennombrot:

Ragnhild Haga

Viktor Hovland

Jakob Ingebrigtsen

Simen Hegstad Krüger

Ragnhild Mowinckel

Richard Ordemann

Årets kvinnelege funksjonshemma utøvar:

Aida Dahlen

Ida Nesse

Vilde Nilsen

Birgit Røkkum Skarstein

Årets mannlege funksjonshemma utøvar:

Håkon Olsrud

Jesper Saltvik Pedersen

Nils-Erik Ulset

Tommy Urhaug

Årets trenar:

Leif Olav Alnes

Gjert Ingebrigtsen

Kåre Mol

Hege Riise

Sondre Skarli

Alexander Stöckl

Årets namn:

Marit Bjørgen

Magnus Carlsen

Ada Hegerberg

Jakob Ingebrigtsen

Johannes Høsflot Klæbo

Simen Hegstad Krüger

Håvard Holmefjord Lorentzen

Maren Lundby

Birgit Røkkum Skarstein

Aksel Lund Svindal

Anders Mol/Christian Sørum

Karsten Warholm

I tillegg skal «Utøvarprisen», «Idrettsgallaens heiderspris» og «Årets førebilete» delast ut. Idrettsgallaen vert arrangert i Stavanger 5. januar.

(©NPK)

Friidrettsutøvar Jakob Ingebrigtsen er nominert til tre priser til Idrettsgallaen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix