Janne Andersson etter Zlatans landslagsflørt: – Eg tek kontakt

Zlatan Ibrahimovic avslører at han saknar å spele for Sverige. Landslagssjef Janne Andersson varslar at han kjem til å ta kontakt med spissveteranen.

Milan-spissen Zlatan gav seg på Sveriges landslag etter EM-sluttspelet i 2016 og har stått fast ved den avgjerda, inntil no.

I samband med at 39-åringen tysdag vann gullballen i heimlandet for tolvte gong, innrømde Zlatan overfor Aftonbladet at han «saknar landslaget». Han seier òg at eit comeback er aktuelt, men at det er eit vilkår at landslagssjefen personleg tek kontakt med han.

– Det må komme frå han. For om han meiner at eg er eit forstyrrande element, då er eg ikkje interessert. Om han trur at eg kan bidra med noko, kjem eg til å tenkje på det, sa stjernespissen som framleis hamrar inn mål på toppnivå i Italia.

Andersson seier at det først og fremst er gøy å høyre at Zlatan saknar landslaget. Og han opnar for dialog mellom dei.

– Eg oppfattar det som at Zlatan no uttaler seg på ein måte han ikkje har gjort tidlegare. Det gjer at det kjennest naturleg at vi har ei form for kontakt framover for å diskutere saka nærare. Neste samling er først i mars, så det er bra med tid til det.

Det er berre gått nokre veker sidan førre gong Zlatan hinta om eit landslagscomeback, då ved å publisere eit bilete av seg sjølv i Sverige-drakta saman med teksten «Long time no see».

I etterkant av det stuntet forklarte Zlatan at han berre ville irritere folk i Sverige.

Spissen har ikkje berre snakka seg tilbake i landslagsdiskusjonen i det siste. I ein alder av 39 år har han storspelt for Milan i haust, og han er toppskårar i Serie A med ti mål på seks kampar.

(©NPK)

Janne Andersson er open for å diskutere eit mogleg landslagscomeback med Zlatan Ibrahimovic. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Zlatan Ibrahimovic er aktuell for Sverige-retur etter over fire år. Foto: Alessandro Garofalo / LaPresse via AP / NTB