Kilde-siger i Beaver Creek – Jansrud ute med skade i kne og krage

Aleksander Aamodt Kilde tukta alle i super-G-rennet i Beaver Creek fredag. Kjetil Jansrud er ute med skade i leddband og kragebein.

Dei norske fartsgutane har ikkje fått det til å stemme i sesonginnleiinga. Det snudde fredag.

– Det var som natt og dag, sa Kilde medan han venta i målområdet.

Kilde køyrde jamt og godt i heile traseen, og han var den klart raskaste i midtpartiet.

– Det var solid, utan for stor risiko, sa Kilde.

Kjetil Jansrud køyrde ut i ein venstresving etter cirka 25 sekund. Han vart liggjande og tok seg til kneet. Etter eit par minutt reiste Jansrud seg og la trykk på det eine beinet. Deretter tok han på seg begge skia og skrensa ned bakken i Beaver Creek.

Etter behandling i eit telt kom han og ut, smilte og gratulerte Kilde med dagen. Men alt var ikkje ok med Vinstra-løparen.

– Eg er ganske sikker på at innerbandet i det venstre kneet har roke, sa Jansrud til Viaplay.

Jansrud fekk òg ein smell i kragebeinet.

– Eg vart kasta ut av balanse, det var kort veg til nettet, fortalde Jansrud om fallet.

Adrian Smiseth Sejersted var berre mellomfornøgd med eigen innsats. Han hamna så vidt utanfor topp ti.

– Eg er ikkje superfornøgd. Eg vart for veik i nokre situasjonar, sa Sejersted.

(©NPK)

Kjetil Jansrud i rennet i Beaver Creek torsdag. Foto: NTB