Annonse

Japan takkar ja til handelssamtalar med Sør-Korea

Det blir handelssamtalar mellom Japan og Sør-Korea etter at sørkoreanarane leverte ei klage til WTO om eksportavgrensingane til nabolandet.

Annonse

Det var Sør-Korea som inviterte til samtalane. Fredag takka Japan ja, men handelsminister Isshu Sugawara sa samtidig at eksportavgrensingane landet har til Sør-Korea følgjer Verdshandelsorganisasjonens (WTO) regelverk.

- Japans posisjon er at handelsrestriksjonane følgjer WTOs reglar, og at det ikkje har vore nokon endringar på det. Vi skal gi Sør-Korea ei grundig forklaring.

I juli innførte Japan avgrensingar på eksport av høgteknologi som er viktig for Sør-Koreas produksjon av mellom anna smarttelefonar. Innstrammingane skjedde månaden etter at dei hadde degradert Sør-Korea frå lista over 27 land som nyt godt av få handelsrestriksjonar med Japan.

Tokyo sa årsaka til innstrammingane var tryggingsgrunner. Sør-Korea på si side meiner Japan utløyste handelsstriden for å hindre erstatningskrav knytte til den japanske koloniseringa av halvøya mellom 1910 og 1945. Japan har avvist dette.

Handelsrestriksjonane har ført til at forholdet mellom dei to landa er dårlegare enn på mange tiår.

(©NPK)

Japans handelsminister Isshu Sugawara bekreftar at landet har takka ja til handelssamtalar med Sør-Korea. Foto: Koji Sasahara / AP / NTB scanpix