Annonse

Japanske ligacupkampar i fotball utsette på grunn av virusfrykt

Alle gruppekampane i den japanske ligacupen i fotball denne veka er avlyste på grunn av frykt for ytterlegare spreiing av covid-19-viruset.

Annonse

Alle dei sju kampane som var oppsette onsdag er utsette inntil vidare, og J-ligaen vurderer å stoppe alt spel fram til midten av mars.

– Vi kjem til å gjere alt vi kan for å bidra til å hindre ytterlegare spreiing av viruset, heiter det i ei fråsegn frå ligaen.

Blant laga som fekk onsdagskampen sin utsett er Tarik Elyounoussis klubb Shonan Bellmare, som skulle møte Kashiwa Reysol. Den norske landslagsveteranen debuterte for klubben i fredagens 2-3-tap for Urawa Rei Diamonds då J-ligaen vart sparka i gang, men det kan bli ei stund til neste kamp.

Frå før er fotballseriane i Kina og Sør-Korea lagde på is på grunn av virusfrykt. Det betyr at to andre landslagsaktuelle norske spelarar, Ole Selnæs (Shenzhen) og Bjørn Maars Johnsen (Ulsan Hyundai), heller ikkje får spelt teljande kampar ein månad før nasjonsligaomspelet om EM-plass.

Japans helseminister gjekk nyleg ut med ei oppfordring om å unngå folkesamlingar, og firma har vorte bedne om å oppmode sine tilsette til å jobbe heimeifrå.

Også i Italia er fotballkampar utsette på grunn av frykt for virusspreiing.

Avlysningane i Japan kjem snautt fem månader før sommer-OL i Tokyo skal innleiast. Arrangøren har gjort det klart at leikane vil bli gjennomført etter planen, og at det ikkje er aktuelt å avlyse, utsetje eller flytte leikane.

Opplæringa av dei OL-frivillige vart likevel sett på pause i helga, og Tokyo Maraton 1. mars har vorte stengt for alle unnteke deltakarane i eliteklassen.

(©NPK)

Tarik Elyounoussi og hans Shonan Bellmare må vente på å få spela fleire kamper. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix