Annonse

Jarl Magnus Riiber tok gullet i VMs første kombinertøving – bronse til Jens Lurås Oftebro

Jarl Magnus Riiber gjekk inn til eit vellykka tittelforsvar med siger i VM-premieren til kombinertsporten i Oberstdorf fredag. Jens Lurås Oftebro tok bronsen.

Annonse

Han slo finske Ilkka Herola på oppløpet.

Storfavoritten frå Oslo kopierte dermed gullbragda frå Seefeld-VM. Også for to år sidan vart Riiber verdsmeister i kombinert i liten bakke og langrenn over 10 kilometer.

23-åringen starta i sporet 22 sekund bak japanske Ryota Yamamoto. I hoppbakken var han tredje best etter eit svev på 103 meter.

Som venta tetta Riiber luka til teten tidleg i langrennet. Etter 2,5 kilometer låg fire mann i front. Tysklands beste kort såg medaljehåpet gleppe i den nest siste motbakken.

Riiber har i vinter vunne sju av elleve verdscuprenn. Det gir låg odds på fleire Riiber-triumfar i VM.

Jørgen Graabak, Espen Bjørnstad og Espen Andersen gjekk òg rennet på fredag i Oberstdorf.

(©NPK)

Jarl Magnus Riiber vann VM-gull i kombinert i Oberstdorf fredag. Foto: Terje Pedersen / NTB