Annonse

Jeep la ut Bruce Springsteen-videoen dei sletta på ny – dagen etter at han berre vart pålagt ei bot

Éin dag etter at det vart kjent at Bruce Springsteen berre vart pålagt bot for å ha drukke alkohol i ein nasjonalpark – medan siktinga om fyllekøyring vart fråfallen, angra Jeep seg.

Annonse

Då kom brått reklamefilmen «The Middle» på plass igjen på bilfabrikantens YouTube-side, likevel med kommentarfeltfunksjonen slått av. I reklameteksten heiter det at Jeep «ønskte å minne oss alle på at vi er sterkare enn hindringane i vegen for oss».

Førebels har reklamen, som vart lagt ut på ny 25. februar, berre 2.000 visningar, mot 21 millionar visningar første døgn i den opphavlege versjonen sin – som Jeep sletta då det vart kjent at Springsteen var sikta for fyllekøyring.

Då hadde reklamefilmen, som bilfabrikanten hadde klart å overtale Springsteen til å stille i etter mange års forsøk, berre lege ute i tre dagar etter at den hadde premiere i den gjæve sendetida under Super Bowl-sendinga 7. februar.

Då heitte det frå Jeep at dei stoppa reklamen «til fakta kan fastslåast».

Onsdag denne veka fråfall påtalemakta siktinga mot Bruce Springsteen for fyllekøyring, medan rockestjerna blir bøtelagd for å ha drukke alkohol i ein nasjonalpark der det er forbode.

– Eg tok to små slurkar tequila, sa Springsteen, som var ute og køyrde motorsykkel denne novemberdagen i fjor 20 minutt før han vart stoppa. Blåsetesten på parkvaktstasjonen viste ein promille på 0,2, ein firedel av New Jerseys promillegrense.

Avisa New York Post hevdar at Springsteen skal ha stoppa for å snakke med nokon fans, og at det var ein av dei som tilbaud han ein varmande slurk.

Derimot brydde Spotify seg lite om å vente på dommen: Strøymetenesta slapp laus nyheita om at Springsteen og Barack Obama slår seg saman om ein podkast allereie tysdag.

(©NPK)