Annonse

Jensen vil gi alle i privat sektor éin pensjonskonto heile livet

Regjeringa foreslår at alle tilsette i privat sektor skal få samla pensjonen i ein eigen konto som følgjer arbeidstakaren gjennom heile livet.

1,4 millionar arbeidstakarar i privat sektor får dermed samla all innskotspensjon frå ulike arbeidsgjevarar gjennom yrkeslivet, ifølgje Finansdepartementet.

- Det gir arbeidstakarane meir pensjon for kvar sparte krone, fordi forvaltinga blir meir effektiv, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Det blir opp til den enkelte om ein ønsker å forvalte oppspart pensjonskapital frå tidlegare arbeidsgjevarar hos den noverande arbeidsgjevaren, eller om arbeidstakaren ønsker å samle alt hos ein pensjonsleverandør som ein sjølv vel.

Regjeringa vil òg oppheve regelen om at arbeidstakaren må ha vore tilsett i minst 12 månader for å få med seg opptent pensjonskapital ved eit jobbskifte.

- Dette gir betre pensjonsopptening for arbeidstakarar med korte tilsettingsforhold, poengterer Jensen.

Denne endringa vil ifølgje NHO påføre bedriftene ein ekstrakostnad på 300 millionar kroner, skriv DN.

YS- leiar Erik Kollerud seier regjeringsforslaget er i tråd med det arbeidstakarorganisasjonen har spelt inn.

- YS har jobba lenge for å gi arbeidstakarar større innverknad på og oversikt over forvaltinga av eigne pensjonsmiddel. Vi er glad for at regjeringa har lytta til våre innspel, seier Kollerud.

Forslaga blir no sende over til Stortinget for behandling.

(©NPK)

Finansminister Siv Jensen (Frp). Foto: Lise Aaserud / NTB scanpix