Jo Lunder blir permittert frå Fredriksen-gruppen

(NPK-NTB): Jo Lunder blir permittert frå alle sine roller i Fredriksen-gruppen inntil vidare fordi han er under etterforsking i Vimpelcom-saka.

«Fredriksen-gruppen er blitt kjent med at Jo Lunder er under etterforsking av norsk påtalemakt i forbindelse med Vimpelcom-saken. Etterforskningen er ikke relatert til hans nåværende posisjoner», heiter det i ei pressemelding frå Fredriksen-gruppa.

– Vi er i samråd med Jo Lunder blitt samde om at han blir permittert frå alle sine roller i Fredriksen-gruppen inntil vidare, seier Harald Thorstein i Fredriksen-gruppen. (©NPK)