Annonse

Joe Biden viste seg offentleg for første gong på to månader

Demokratanes antekne presidentkandidat Joe Biden opptredde offentleg for første gong på to månader då han la ned ein krans for falne veteranar på Memorial Day.

77-åringen og kona Jill Biden la ned kransen på ein minnestad for veteranar i delstaten Delaware i nærleiken av heimen til paret.
Sidan Biden brått avlyste eit valkampmøte i Cleveland 10. mars på grunn av koronapandemien, har han stort sett drive valkamp frå bustaden sin i Wilmington.
Både Biden og kona hadde på seg munnbind då dei viste seg utandørs måndag, i motsetning til Donald Trump. Presidenten har nekta å følgje rådet frå amerikanske helsestyresmakter om å dekke til munn og nase.
EMBED START Image Joe og Jill Biden markerte Memorial Day med kransenedlegging ved Delaware Memorial Bridge Veterans Memorial Park i New Castle. Foto: Patrick Semansky / AP / NTB scanpix EMBED END Image (©NPK)
Tidlegare visepresident Joe Biden la ned krans ved Delaware Memorial Bridge Veterans Memorial Park i New Castle måndag. Foto: AP / NTB scanpix