Annonse

Thingnes Bø med storeslem i sprint – vann i Holmenkollen

Johannes Thingnes Bø (29) tok torsdag sin åttande siger av åtte moglege i skiskyttarsprint i sesongen i vinter. Stryningen var klart best i Holmenkollen.

Annonse

Thingnes Bø var sikra samanlagtsigeren i verdscupen allereie før dei to siste verdscuphelgane. Han stod over i Östersund sist grunna koronasmitte, men vart klar til konkurransane i Holmenkollen.

– Eg var nervøs, for sjølv om sjukdomsforløpet mitt var symptomfritt var eg litt usikker på kvar eg står i forhold til konkurrentane. Å skulle presse seg etter å ha vore litt sjuk er ikkje det som freistar mest, men då eg stod på start kjende eg at det var ein bra dag, sa Thingnes Bø til TV 2.

– Eg gjekk bra på ski, klarte å produsere fart i alle delar av terrenget og gjekk billig kroppsleg. Eg var spent på skytinga, men hadde god kontroll på det konkurrentane gjorde og visste kva eg måtte gjere for å ha sjanse til å vinne. No står eg her med det som ser ut som ein ny siger, min 17. for sesongen.

29-åringen var aldri trua i sigerskampen. Han har vunne alle sprintrenn denne sesongen både i verdscup og VM (åtte totalt).

Klart best

Med berre éin bom og god fart i sporet var det ingen som matcha han. Martin Ponsiluoma vart nummer to, slått med 23,9 sekund trass feilfri skyting.

Tredjeplassen gjekk til tyskaren Benedikt Doll. Han skaut også feilfritt og enda fem sekund bak Ponsiluoma.

Sturla Holm Lægreid vart nest beste nordmann på femteplass. Han trefte med alle ti skot, men vart slått av vinnaren med 48 sekund.

Vetle Sjåstad Christiansen vart nummer åtte, Johannes Dale 16 og Tarjei Bø 20. Storebror Bø kom også inn til Oslo-renna med nyleg koronasjukdom bak seg.

Vebjørn Sørum vart nummer 23 og Einar Hedegart 28, medan Endre Strømsheim bomma tre gonger og hamna utanfor poengplass.

Eventyrsesong

Thingnes Bø har vore utilnærmeleg på sprint denne sesongen. Før konkurransen torsdag hadde han vunne alle seks sprintrenn i verdscupen og dessutan VM-sprinten i Oberhof i februar.

Også på jaktstart har han vore overlegen, men der har Lægreid stukke av med éin siger på seks forsøk før jaktstarten i Kollen laurdag. Verdscupsesongen blir avslutta med fellesstart søndag.

Thingnes Bø har hatt ein eventyrleg sesong med 14 enkeltsigrar i verdscupen til no. I tillegg tok han medalje i alle renn i VM i år (fem gull, eitt sølv og éin bronse). Han har totalt 16 pallplassar på 19 individuelle renn i verdscupen denne sesongen (VM ikkje inkludert).

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø i aksjon på sprinten i Holmenkollen torsdag. Foto: Terje Bendiksby / NTB