Annonse

Johannes Thingnes Bø vann sprinten i Hochfilzen

Johannes Thingnes Bø tok den tredje strake verdscupsigeren sin i skiskyting då han vann sprinten i Hochfilzen fredag. Han vann klart trass eit bomskot.

Annonse

Thingnes Bø var raskast ute i løypa, og han var sikker på liggjande skyting og gjekk ut i ei klar leiing.

Han auka leiinga inn til ståande skyting, men bomma på det siste skotet. Han gjekk likevel ut 10,6 sekund føre franske Antoine Guigonnat, som var feilfri på standplass. Tyske Benedikt Doll var òg feilfri på standplass og gjekk ut 6,6 sekund bak Thingnes Bø frå siste skyting.

Etter den harde opninga fekk nordmannen det nærast som vanleg tøft på sisterunden. Likevel auka han avstanden til Doll, som enda 10,6 sekund bak.

- Eg opna bra, men fekk det litt på slutten, sa Thingnes Bø til NRK.

Martin Fourcade vann det første rennet på normaldistansen i Pokljuka, men hadde ein miserabel sprint og gav seg undervegs på jaktstarten der.

Han var tilbake i Hochfilzen. Franskmannen heldt ikkje same fart som Thingnes Bø i sporet og gjekk ut 17,5 sekund bak etter liggjande skyting. Fourcade var feilfri på skytinga og kunne gå ut berre 0,8 sekund bak frå siste skyting, men i mål skilde det 8,6 sekund opp til Thingnes Bø.

(©NPK)