Annonse

Johannessen leier i Portugal

Kristian Krogh Johannessen leier helgas turnering på challengetouren i golf etter ein sterk 66-runde.

Annonse

Torsdag fekk nordmannen ein uverkeleg start med eagle på dei to første hola han spelte i Óbidos. Seinare vart det tre birdiar og to bogeyar, og han enda på 67 slag.

Fredag leverte han ein bogeyfri runde som inneheldt birdiar på 5., 8., 9., 10., 12. og 18. hol. Med seks slag under par for dagen er han på 11 under totalt. Dermed toppar han lista.

Johannessen speler for å ta seg inn blant dei 20 beste på challengetouren samanlagt. Det vil gi europatourkort for neste sesong. Før helgas turnering var han på 21.-plass.

(©NPK)

Kristian Krogh Johannessen gjer det skarpt på challengetouren i golf i Portugal. Foto: Lise Åserud / NTB