Annonse

Johaug: - Det er kjedeleg for Petter

Therese Johaug (30) føler med Petter Northug (32), som på ny er sett ut av sjukdom.

Therese Johaug (30) føler med Petter Northug (32), som på ny er sett ut av sjukdom.

Northug hadde eit langt fråvær der kroppen ikkje spelte på lag i sommar, og det same skjedde tidleg i haust.

Og no, under eit høgdeopphald i Val Senales i Italia, har han førebels mista to treningsdagar på grunn av omgangssjuke.

Med tanke på at sesongstarten nærmar seg raskt, så er ikkje det spesielt gunstig.

Northug fekk ikkje vere med Johaug og dei sju andre landslagsløparane som trena på nærare 3.000 meters høgde på breen måndag.

- Det er ikkje det beste utgangspunktet, for å seie det slik. Det er veldig kjedeleg når du føler at kroppen speler på lag igjen, og så blir du sett ut på nytt av eit magevirus. Som idrettsutøvar vil du vere frisk og unngå å komme opp i slike situasjonar. Når det kjem mange ting etter kvarandre, så blir ein litt oppgitt, sa Johaug til NTB under pressetreffet på Hotell Gerstgras i Val Senales måndag ettermiddag.

Johaug fekk sjølv eit ufrivillig opphald etter dopingdommen, og ho veit korleis det kjennest å ikkje vere med.

Nullstille

- Eg føler med Petter. Det er ikkje den beste situasjonen å komme opp i. Men han har mykje erfaring frå tidlegare sjukdomsfråvær, og uansett får ein ikkje gjort noko med det når det først har skjedd. Du må berre nullstille og gjere det beste ut av det. Plutseleg kan det gå fort over, og ein skal heller ikkje kimse av ein ekstra kviledag eller to.

- Men?

- Men eit magevirus tappar krefter, og du må starte litt på nytt igjen. Det er veldig kjedeleg. Vi jubla både eg og Astrid (Uhrenholdt Jakobsen) i dag morgon (måndag) då vi skjønte at vi var friske.

- Er det noka overrasking at du er frisk? Har du nokon gong stått over eit skirenn fordi du har vore sjuk?

- Nei, det trur eg ikkje. Eg er veldig lite sjuk. Slik sett er det forskjell på folk. Eg må ha eit veldig sterkt immunforsvar. Eg får takke mamma og pappa for kumjølka oppe i Dalsbygda for det.

Sterk

- Genane betyr noko? Du er ikkje berre ekstra påpasseleg med handhygiene og andre tiltak målt opp mot andre?

- Nei. Eg gjer ikkje noko spesielt. Eg trur at eg berre har eit sterkt immunforsvar. Dei beste er ofte lite sjuke, og det same er det med skadar. Du slepp å ha dei avbrekka heile tida. Eg har heller ikkje hatt skadar å snakke om. Eg har fått god kontinuitet og har sloppe dei lange opphalda. Mange treningsopphald tærer på.

Johaug fortel òg at ho fekk trena bra i dei to åra ho var utestengd. I alle fall heile det første året. Då var pågangsmotet framleis der.

- Eg hadde eit opphald rundt denne tida i fjor frå oktober og til nærare jul. Men det kom verken av sjukdom eller skadar, det var andre årsaker. Det var meir mentalt. Etter den tida har eg bygd meg opp igjen. Eg har fått trena godt etter den tid, seier Johaug.

(©NPK)

Langrennsløpar Therese Johaug i Val Senales i Italia måndag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.

Langrennsløpar Therese Johaug under høgdetrening på isbreen i Val Senales i Italia. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.