Annonse

Johaug møter Bjørgen til duell opp til Tryvann

Therese Johaug har meldt seg klar til start i rulleskirennet på torsdag, frå Sørkedalen til Tryvann. Det blir òg Marit Bjørgens konkurransecomeback.

Annonse

Det er langløpslaget Team Ragde, som har Bjørgen i stallen sin kommande vinter, som står bak arrangementet.

– No har vi fått stadfesta at Therese Johaug stiller i rulleskirennet i kveld. Ho startar 30 sekund bak Marit Bjørgen. Dette blir den første duellen mellom dei to sidan Bjørgen melde at ho gjer comeback, skriv laget.

Det blir pårekna at løparane brukar 45 minutt på distansen frå Sørkedalen til Tryvann.

These Johaug konkurrerte sist under Blinkfestivalen i Sandnes, men måtte ta ein lengre konkurransepause etter at ho følte seg sliten i etterkant. Dermed vart det ikkje start i Toppidrettsveka.

Marit Bjørgen la opp i 2018, men har varsla at ho vil satse på langløp kommande sesong. Vasaloppet er det store målet.

(©NPK)

Therese Johaug har meldt at ho stiller i rulleskirenn opp til Tryvann i Oslo i kveld. Marit Bjørgen er ein av konkurrentane. Foto: Geir Olsen / NTB