Annonse

Johaug om deltaking i ski-VM i 2025: – Hå, hå, hå

Therese Johaug avviser ikkje heilt at ho kan komme til å vere på startstrek i ski-VM i Trondheim om fem år.

– Hå, hå, hå. Det er lenge til. Eg fokuserer på ein sesong om gongen, og så får vi sjå, seier ho på spørsmål om meisterskapen i 2025.

– Du har ein svært seig kropp og er svært sjeldan sjuk eller skadd. Det er ikkje gitt at du er utsliten i ein alder av 35?

– Nei, og VM på heimebane i Noreg er ei fantastisk oppleving. Eg fekk oppleve VM i Oslo i 2011, og det blir ikkje råare enn det, sa Johaug til NTB under den grøne togturen frå Meråker til Lerkendal i Trondheim torsdag kveld.

Der mange av kollegaene på landslaget så slitne, trøytte og leie ut, var det ikkje lett å sjå nokon teikn på at Dalsbygda-ekspressen var lei eit par-tre dryge timar etter at ho gjekk inn til siger på den 34 kilometer lange 4. etappen av Ski Tour 2020 i Grova i Meråker.

Johaug var frisk og opplagt på veg til Trondheim og dei to siste etappane av touren.

Gode minne

31-åringen budde i Trondheim i perioden 2008 til 2011 og kjenner løypenettet godt.

– Kva er forholdet ditt til Granåsen?

– Eg trena ein del i Granåsen i dei åra eg budde i Trondheim, men det er lenge sidan det har vore konkurransar her. Eg gleder meg veldig til å komme tilbake. Trønderane er kjente for å lage folkefest, og det blir stort å kjenne på den stemninga.

– Kva hugsar du frå verdscuprenna her i 2009?

– Eg hugsar at det var stor stemning i skogen, fint vêr, og at det danna seg ei hinne i klassisksporet slik at gliden var så som så. Eg lurer på om eg vart seks eller sju, minnest Johaug.

Og trefte ganske godt. Ho vart nummer sju og nest beste norske bak Kristin Størmer Steira på 30-kilometeren i klassisk stil som vart vunne av slovenske Petra Majdic.

To dagar tidlegare hadde ho vorte nummer 33 i sprintprologen. Dermed vart det ingen utslagsrundar på ho.

Laurdag blir det nok ikkje til at ho vinn ein ny sprint slik ho gjorde i alpinbakken i Åre tidlegare i veka, men ein finaleplass er innan rekkevidde.

Steg

Johaug føler sjølv at ho har tatt nokre steg i sprint denne sesongen, og ho er med og kjempar om løypene er hardare enn gjennomsnittet.

Det var sjølvsagt ikkje bra for henne at ho var utestengd i to år, men hennar eigen personlege trenar Pål Gunnar Mikkelsplass er ein av dei som trur at det ikkje var så dumt likevel på lang sikt. Ho fekk tid til å modne og herde kroppen.

– Du har komme tilbake sterkare og betre enn nokosinne?

– Ja, det stemmer nok det. Eg fekk moglegheita til å trene veldig, veldig mykje og merkar at eg har vorte meir gjennomtrent og toler meir. Eg har vorte sterkare på fleire område. Det handlar ikkje om at eg har tatt store steg, men om at eg har vorte meir stabil. Eg har vorte betre, det handlar om finishar, sprintar og alt. Eg har heva meg eit hakk og kjenner at kroppen toler meir. Eg går meg sjeldan tom.

At ho sjeldan går seg tom er ei aldri så lita underdriving. Det er ikkje godt å seie når det skjedde sist. Therese Johaug er ei av skiidrettens aller mest gjennomtrente.

(©NPK)

Therese Johaug i ryggen på Ingvild Flugstad Østberg under ei lett treningsøkt i Granåsen i Trondheim fredag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Therese Johaug på veg inn i toget etter sigeren i Meråker torsdag i Ski Tour 2020. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Therese Johaug toga til Trondheim etter 4. etappe av Ski Tour 2020 torsdag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Therese Johaug var blid som ei lerke under togturen frå Meråker til Trondheim torsdag kveld. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.