Johaug vann mest og tente best i VM

Therese Johaug vart åleine om ta fire gull i ski-VM i Oberstdorf. Det opna òg bonuskranene for henne.

Johaugs dominans gjorde henne til den best «betalte» utøvaren i verdsmeisterskapen med 513.536 kroner i premiepengar.

Hans Christer Holund (to gull og ein bronse) toppa hos dei norske herreløparane i langrenn med 295.472. Aleksandr Bolsjunov (350.224) var best etter fire medaljar.

Tyskaren Karl Geiger hadde eit flott VM i heimbyen med to gull, eitt sølv og ein bronse. Det gjorde han til best betalte hopper med 436.316 kroner. Robert Johansson drog inn 246.119 på to sølvmedaljar.

For Maren Lundby vart det 208.882 kroner inn på konto etter heile fire medaljar (eitt gull, to sølv og ein bronse).

Jarl Magnus Riiber reiste på si side frå Oberstdorf med to gull og to sølv. Det gav han 281.283 bonuskroner som beste kombinertmann. Gyda Westvold Hansen toppa blant kombijentene med eitt gull og 37.700 kroner.

I tillegg til premiepengane (vel 9 millionar totalt) frå Det internasjonale skiforbundet (FIS) og arrangøren i Oberstdorf, har utøvarane eigne resultatbaserte bonusar frå sponsorar.

(©NPK)

Therese Johaug med dei fire gullmedaljane ho sikra seg i VM på ski i Oberstdorf. Foto: Lise Åserud / NTB