Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Mens gråskimmelsoppen har gjort stor skade i jordbæråkrane på Austlandet, går bæra i Nord-Noreg truleg klar av soppangrepet.
npk@npk.no
Publisert: 15.07.2016 kl 08:49
– Jordbærdyrking er ein risikosport, men eg fryktar ikkje at vi skal bli ramma av gråskimmelsoppen som herjar i Sør-Noreg, seier Marianne Vik i Kvæfjord, den største jordbærprodusenten i Troms, til NRK.
Rådgivar Ingrid Myrstad i Norsk Landbruksrådgivning seier bøndene aldri kan vere sikre på å sleppe større angrep av gråskimmelsopp, som finst naturleg i jorda, men legg til at jordbærprodusentane i nord truleg ikkje har mykje å frykte i år.
Jordbærbøndene i Hedmark og Oppland har òg sloppe unna soppen så langt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.