Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Etter kraftige oljefall og nedtur på Oslo Børs torsdag, snudde pilene fredag. Børsen tok inn fallet frå dagen før og vel så det med ein vekst på hovudindeksen på 2,7 prosent til 590,87 poeng.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 17:21
Fredag ettermiddag låg prisen på nordsjøolje på 48,7 dollar på spotmarknaden, ein oppgang på nesten to dollar fredag.
Ei lang rad selskap gjorde sitt til oppgangen i den norske aksjemarknaden, og mange av dei er vesentlege oljeaktørar. Statoil-aksjen steig 4 prosent, Frontline hadde ein oppgang på 3,7 prosent, TGS-Nopec løfta seg 5,8 prosent, mens Seadrill vart dagsvinnaren med ein auke på 14,3 prosent.
Marine Harvest-aksjen var på si side nest mest omsett, men vart taparen denne dagen med eit fall på 1,1 prosent.
På dei viktigaste europeiske børsane peika òg pilene oppover fredag formiddag. FTSE 100-indeksen i London, CAC 40 i Paris og Dax 30 i Frankfurt steig alle med rundt 1 prosent.
Så langt i år har Oslo Børs falle 3,2 prosent. Det siste året har fallet vore på 6 prosent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.