Juss-Buss: Offer for bankid-svindel er nesten rettslause

BankID kan brukast som personleg signatur, til å opprette kontoar og ta opp lån for fleire millionar. Offer for bankid-svindel frå dei næraste får lite hjelp.

Ifølgje jusstudent og medarbeidar i Husleige- og gjeldsgruppa til Juss-Buss Mari Storholt er uvitande offer for bankid-svindel nærast rettslause, fordi dei møter stengde dører hos Finansklagenemnda, skriv Dagens Næringsliv.

Skal ikkje, men gjer det likevel

Du skal aldri dele passord eller kode på BankID med nokon, ikkje eingong med familiemedlemmer, partnar eller andre du stoler på, men ei undersøking utført av Norstat i november i fjor viste at 6 prosent har gjort det minst éin gong og at 4 prosent meiner det er greitt å dele kode og passord. I aldersgruppa 18–29 år sa 11 prosent at dei har delt BankID med andre éin eller fleire gonger. 18 prosent sa at dei har brukt andres BankID ein eller fleire gonger.

Det ber ein sjeldan gong gale av stad, og då er det tragisk nok ofte i nære relasjonar. BankID blir misbrukt til å opprette kredittkort, forbrukslån eller på annan måtte setje eigaren i gjeld. Juss-Buss opplyser at dei får inn éin til to nye saker i veka.

– Beløpa varierer. Det kan vere store summar. Millionar. Ofte må bustad seljast på tvangssal, og dei opplever store utleggsstrekk i lønn, seier Storholt i Juss-Buss.

Kundeforhold eller ikkje

Finansklagenemnda skal løyse tvistar mellom finansselskap og kundane deira, men hjelper ikkje her.

– I sakene som gjeld misbruk av BankID, er det ofte slik at banken meiner at klager uansett må haldast erstatningsansvarleg, fordi ho eller han har forsømt å verne om sin BankID. Nemnda har då ikkje tatt saka til behandling då dette spørsmålet som regel ikkje knyter seg til eit avtaleforhold med banken, forklarer administrerande direktør Harald Sverdrup i Finansklagenemnda.

Sidan 2013 har nemnda avvist fleire saker med den grunngivinga. Samtidig er det bankid-innehavaren som blir kravd for beløpet vedkommande er sett i gjeld for, med renter, så Juss-Buss påpeikar at det tyder på at det finst eit kontraktsforhold.

Sverdrup seier at fagavdelinga i sekretariatet er merksam på problemstillinga, og vil be nemnda sjå nærare på det.

(©NPK)

Offer for bankID-svindel får saka avvist hos Finansklagenemnda fordi den berre meklar mellom finansselskap og kundane deira, og ein som er svindla har ikkje sjølv oppretta kundeforholdet som utløyste forholdet det blir klaga på. Men offeret for svindelen blir framleis kravd for nedbetaling av gjeld og renter – så då eksisterer det likevel eit slags kundeforhold, påpeikar Juss-Buss. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix